Fleire og fleire av oss blir flinkare til å bruke refleks

Trygg Trafikk sine årlege refleksteljingar viser at både nordmenn og vestlendingar flest har vorte flinkare til å bruka refleks. Likevel bruker framleis under halvparten av oss refleks i mørket. Dårlegast er det i byar som Oslo og Bergen.

Trygg Trafikk melder om auka refleksbruk i Vestland fylke. Dette bildet er frå Selje skule, der elevane fikk refleksvestar av politiet i 2019.  Foto: Louise Nygaard

Nyheter

Refleksteljingane for 2020 syner at 45 prosent av oss bruker refleksen. Det er ein auke frå 41 prosent frå året før. Trygg Trafikk har saman med Ipsos gjennomført over 23 000 registreringar over heile landet.