Får 300.000 kroner til prøvedrift

– Dette skal vere eit attraktivt reisemål og reiseveg for internasjonale, nasjonale og lokale pilegrimar

I budsjettet for 2021 har fylkestinget løyvd 600.000 kroner til to regionale pilegrimssenter i Kystpilegimsleia i Vestland. Ved tilsettinga av ein leiar for det regionale pilegrimssenteret i Selje er vilkåra for tilsegn no oppfylt og ein kan få utbetalt tilskotet.

I budsjettet for 2021 har fylkestinget løyvd 600.000 kroner til to regionale pilegrimssenter i Kystpilegimsleia i Vestland. Ved tilsettinga av ein leiar for det regionale pilegrimssenteret i Selje er vilkåra for tilsegn no oppfylt og ein kan få utbetalt tilskotet.   Foto: Bjørn Erik Drabløs

Nyheter

På vilkår av at den kommunale medfinansieringa er på plass, gir Vestland flkesommune tilsegn om tilskot på opp til 300.000 kroner til prøvedrift av eit regionalt pilegrimssenter i Selje. Stad kommune har allereie løyvd 300.000 kroner som medfinansiering, og ved at det no er tilsett ein leiar for det regionale pilegrimssenteret i mellombels stilling er vilkåra for tilsegn oppfylt.