Kallar inn til ekstraordinært møte

Har forhandla fram ny avtale med kortare tidsfrist for hotellet

I møtet i kommunestyret i Stad tidlegare denne månaden uttalte fleire politikarar at å bruke fem år på å få bygd nytt hotell er for lang tid. No er det forhandla fram ei ny avtale med kortare tidsfrist.

I møtet i kommunestyret i Stad tidlegare denne månaden uttalte fleire politikarar at å bruke fem år på å få bygd nytt hotell er for lang tid. No er det forhandla fram ei ny avtale med kortare tidsfrist.   Foto: LINK Arkitektur

Nyheter

– I sist kommunestyremøte så hadde vi oppe ei sak om sal av helsesenteret i Selje. Då kom det opp nokre innspel og ønskjer om justeringar av den forhandla fram avtalen med Selje Hotell Invest (SHI). Vedtaket i kommunestyret vart at administrasjonen fekk i oppdrag å revidere avtalen med SHI, fortel Stad-ordførar Alfred Bjørlo (V).