Blir ein del av stasjonen i Måløy

– Vi vil sikre større fagmiljø og ei betre rekruttering

Frå 22. februar vert ambulansestasjonen i Selje ein del av Måløy ambulansestasjon, og personellgruppa ved stasjonane vert samla med rotasjonsordning mellom Måløy og Selje.

Frå 22. februar vert ambulansestasjonen i Selje ein del av Måløy ambulansestasjon, og personellgruppa ved stasjonane vert samla med rotasjonsordning mellom Måløy og Selje.  Foto: Bjørn Erik Drabløs

Nyheter

Selje ambulansestasjon har tidlegare hatt fire årsverk med heimevaktordning. Men frå 1. september 2018 vart det starta ei prøveordning med kasernevakt med personell buande på stasjonen 24/7 i vekedagar, og kombinasjon av heimevakt og vakt på stasjonen i helg. Prøveordninga har gått frå september 2018 og fram til no. Mellom anna mens ein ventar på behandlinga av styresaka om prehospital plan i helseføretaket.