Partiet etterlyste svar på oppfølging av omstridde og ferdigbehandla byggesaker. No har dei fått det

Det var partiet Raudt som etterlyste svar på korleis Kinn kommune handterer ferdig behandla saker i planavdelinga med utgangspunkt i to kjende saker i kommunen, ei bupliktsak i Eikefjord og ombygging av eit naust på Husevågøy.

Det var partiet Raudt som etterlyste svar på korleis Kinn kommune handterer ferdig behandla saker i planavdelinga med utgangspunkt i to kjende saker i kommunen, ei bupliktsak i Eikefjord og ombygging av eit naust på Husevågøy.  Foto: Gjert Myrestrand

Nyheter

I kommunestyremøtet forsøkte ordførar Ola Teigen og kommunalsjef Rolf Bjarne Sund å svare på Raudt sitt spørsmål om vidare oppfølging av naustsaka på Husevågøy, etter at tiltakshavar i siste instans fekk Settestatsforvaltaren sitt nei til dispensasjon på bruksendringa frå sjøbu til fritidsbustad i området som er regulert til naustføremål.