Rosar miljøet blant elevane

– Livet ut over den tida vi er på skulen, er like viktig som tida i klasserommet

– Skulemiljøet på Nordfjordeid er veldig bra. I tillegg til at vi er kjekke elevar som trivst godt saman, så skuldast i aller høgste grad skulen sin måte å ta i mot elevane på.

Desse elevane går Vg2 studiespesialiserande på Ed vgs. I tillegg til elevane ser du avdelingsleiar Torild Natvik (i midten framme) og norsklærar Marianne Valeberg Nes (ståande mot veggen).   Foto: Tormod Flatebø

Nyheter

Det seier Aurora Sundbotten Eikeli, frå Leirvik i Sogn, som er i ferd med å fullføre siste året på frisørlinja ved skulen som får anerkjennande nikk frå fem andre jenter som har benka seg i foajeen for å nyte velsmakande kyllingsuppe ein onsdag i februar.