Det store regnvêret og snøsmeltinga dei siste dagane med innslag av noko vind gjer rasfaren større over heile landet, og både meteorologar, politiet og Vegtrafikksentralen har sendt ut farevarsel om at folk må vere på vakt.
Stein på over eit halvanna tonn smalt ned i vegen
På Stadlandet er fylkesveg 5750 stengt ved Dalsbøvatnet på grunn av eit ras som gjekk i natt og fare for nye ras. Klokka 09.50 søndag morgen forteller Vegtrafikksentralen Vest at vegen er open igjen etter ny vurdering.
Og på Stadlandet natt til søndag var ulukka ute då ein stor stein, på over halvtanna tonn, dundra ned i vegbanen.
Foto: Jon Frogner
Foto: Jon Frogner
Vegen blei stengt natt til søndag, men blei opna igjen i morgontimane etter at byggherre og entreprenør hadde rydda vegen og konkludert med at det såg trygt ut for meir nedfall av stein. Enn så lenge kan ikkje Vegvesenet seie noko om der vil bli gjort fleire tiltak på vegen.
Frå bilda er det mogleg å forstå litt meir av kva som kan ha skjedd. Steinen ser ut til å ha lege i lausmasse cirka 20-30 meter i overkant av vegen. Truleg har tyngdekraft kombinert med erosjon og vind sett den store steinen i bevegelse.
Foto: Jon Frogner
Søndag morgon blei steinen løfta vekk frå vegen, og køyrt bort med traktor. Men spora etter kjempen ligg igjen.
Foto: Jon Frogner
Foto: Jon Frogner