Varslar om auka flomfare

Pass på når du er ute og køyrer. Plutseleg ligg det ein slik i vegen

Mildvêr, regn og vind skaper vanskelege køyreforhold mange stader.

Mildvêr, regn og vind skaper vanskelege køyreforhold mange stader. Denne isblokka køyrte vi inn i på vegen opp til Kvalheim.   Foto: Erling Wåge

Nyheter

Vegmyndigheitene og meteorologar varslar om at bitar av is lett kan falle ned i vegen. Mange stader på Vestladet og i Sør-Norge har Statens vegvesen vore ute og hogd ned istappar og isblokker langs vegar og i tunnelar for å redusere faren for nedfall.

Meteorologane ved Yr.no peikar på at frå helga aukar faren for flom mange stader, spesielt frå måndag når regnet skal ta seg opp igjen etter litt mindre nedbør søndag.

– Vassføringa har auka i små og middels store elver på grunn av nedbør og mildvêr. Dette kan føre til lokale oversvømmingar der det er mykje is i vassdraga og redusert infiltrasjonskapasitet i bakken grunna tele. Auka vassføring kan framleis føre til isgangar med påfølgande fare for lokale oversvømmingar. Det er venta lite nedbør i området søndag, men nedbøren ventast å auke igjen måndag, skriv Yr.no i sitt flomvarsel, som er på gult og moderat nivå.

Hovudredningssentralen varslar om at det generelt er ei betydeleg snøskredfare i Norge denne helga, og spesielt stor fare i store delar av Sør-Norge.


Politi og brann rykket ut til melding om tre barn på isen: – Alle er på land og klarert ut nå

Vest politidistrikt har sendt en patrulje til Refvikvatnet på Nord-Vågsøy for å sjekke ut en melding om tre barn på isen. Brannvesenet og brannsjef Kim Hjelle kom imidlertid først på stedet og jobber med å sjekke isen og om der kan være flere utpå.


– Sjekk vêr- og skredvarsel for området før du begir deg ut på tur. Ferdsel i skredterreng anbefalast ikkje. Vi forventar skred som løsnar av seg sjølv, så unngå losne- og utløpsområde, skriv Hovudredningssentralen, som peikar på at ferdsel i skredterreng krev solid kunnskap, erfaring i ruteval og evne til å identifisere skredproblem.


Nå kommer væromslaget: – Da blir det glatt, så pass på!

Natt til mandag skal det regne og sludde på kysten, og det blir første natt på lang tid med plussgrader, selv om det er snakk om bare en.


– Generelt anbefalar vi å unngå terreng brattare enn 30 grader og halde avstand til utløpsområde, seier dei.