Har oppretta næringsfond for å legge til rette for omstilling og utvikling

– Utvikling av heile Vestland er viktig. Me skal hjelpa utsette kommunar og område i fylket med å finansiera tiltak som legg tilrette for omstilling og utvikling, seier fungerande leiar i hovudutval for næring, Sigrid Brattabø Handegard, etter at utvalet har vedteke å opprette eit næringsfond for dette.

OMSTILLING: Eit nyoppretta næringsfond skal hjelpe utsette område i Vestland med omstilling og utvikling.  Foto: Illustrasjon Vestland fylkeskommune

Nyheter

Næringsfondet er på fem millionar kroner og skal gå til utsette område i Vestland. Pengane kan gå til kommunar eller delar av kommunar med utfordringar. Målgruppa er område i Vestland med store negative og langvarige konsekvensar for næringsliv, busetjing og sysselsetjing. Retningslinjer for fondet er vedtekne av utvalet.