I natt har denne steinblokka på fem tonn rasa ned og stengd vegen

Denne digre steinblokka på rundt fem tonn har natt til tysdag kome ned frå fjellsida og sperra heile vegen til Færestrand.

Avdelingsleiar kommunale vegar og gatelys i Kinn kommune avdeling Måløy, Odd Henning Svoren studerer fjellsida der denne enorme steinblokka har rasa ifrå.  Foto: Erling Wåge

Nyheter

Det var ein som bur på Færestrand og som skulle på jobb tysdag morgon som oppdaga den enorme steinblokka som dekte heile vegen mellom Færestrand og Torskangerpoll i Kinn kommune.


Sjå bilda frå raset på Stadlandet

Her blir den store steinen frakta vekk med traktor

I morgontimane søndag var entreprenør ute på fylkesveg 5750 på Stadlandet og fekk rydda vekk den store steinen som hadde ramla ned på vegen ved Dalsbøvatnet i løpet av natta.


Avdelingsleiar kommunale vegar og gatelys i Kinn kommune avdeling Måløy, Odd Henning Svoren, var ute og såg på raset tysdag morgon.

Avdelingsleiar kommunale vegar og gatelys i Kinn kommune avdeling Måløy, Odd Henning Svoren  Foto: Erling Wåge

Han sa til Fjordenes Tidende klokka 08.15 at planen var å få fjerna steinblokka og å opne vegen igjen i løpet av morgontimane.

– Dette er eit veldig rasutsett område. Oppe i fjellsida mellom Torskangerpoll og Færestrand på Vågsøy ligg det mykje steinblokker under den bratte fjellsida. Vi får vurdere kva vi skal gjere vidare, seier Svoren.


Varslar om auka flomfare

Pass på når du er ute og køyrer. Plutseleg ligg det ein slik i vegen

Mildvêr, regn og vind skaper vanskelege køyreforhold mange stader.


Steinblokka som har rasa ned har laga store sprekker i vegbana.

Ras på vegen til Færestrand  Foto: Erling Wåge

Til alt hell var det ingen bilar eller folk då steinblokka rasa ned. Lokalkjende folk som Fjordenes Tidende har snakka med seier den digre steinblokka må ha rasa ned ein gong i løpet av natta eller i morgontimane tysdag.

Siste:

Klokka 08.45 tysdag morgon så opplyser Odd Henning Svoren i Kinn kommune til Fjordenes Tidende at steinblokka som stengde vegen er fjerna og at vegen er opna for trafikk igjen.

Han opplyser også at dei som bur på Færestrand er informert om at vegen er opna igjen.