Nådde målet på 22 dagar

No skal det lokale selskapet plante ein million tre på Madagaskar

Måløy-bedrifta Whereby har som følge av koronapandemien opplevd ein enorm vekst. Samstundes med at ein ser eit aukande globalt fokus på miljø har verksemda sett i gong ein kampanje med formål om gi eit positivt bidrag: Ein ide om å plante 1.000.000 tre på Madagaskar. No er målet nådd.

Måløy-bedrifta Whereby har som følge av koronapandemien opplevd ein enorm vekst. Samstundes med at ein ser eit aukande globalt fokus på miljø har verksemda sett i gong ein kampanje med formål om gi eit positivt bidrag: Ein ide om å plante 1.000.000 tre på Madagaskar. No er målet nådd.   Foto: Gjert Myrestrand

Nyheter

– Responsen har vore overveldande. No har vi passert 400.000 tre sidan kampanjen starta opp i byrjinga av februar, sa chief operating officer eller driftsleiar Frode Strømmen i Whereby til Fjordenes Tidende 9. februar.