Tredje dagen på rad utan positive prøver

Det blei måndag analysert 94 prøver frå Helse Førde-området, ingen av desse slo ut positivt på covid-19. Sist det var positive prøver i regionen var fredag 19. ferbruar.

  Foto: Erling Wåge

Nyheter

Måndag 15. februar: 0 nye av 101 analyserte prøver

Tysdag 16. februar: 6 nye av 291 analyserte prøver

Onsdag 17. februar: 0 nye av 206 analyserte prøver

Torsdag 18. februar: 1 ny av 184 analyserte prøver

Fredag 19. februar: 2 nye av 184 analyserte prøver

Laurdag 20. februar: 0 nye av 121 analyserte prøver

Søndag 21. februar: 0 nye av 40 analyserte prøver

Måndag 22. februar: 0 nye av 94 analyserte prøver


Merk at dei som avlegg koronatest ikkje nødvendigvis bur eller har folkeregistrert adresse i kommunen som har sendt prøva inn til analyse i Helse Førde.

Statistikk frå sjukehusa

Innlagde pasientar per dato med stadfesta COVID-19 smitte: 0
Heimeverande eller sjukmelde tilsette pga. korona: 5 (av om lag 3000 tilsette)
Tilsette som har hatt stadfesta smitte: 7 (av om lag 3000 tilsette)