Pasient med mistenkt koronasmitte innlagt i Helse Førde

Ein pasient med mogeleg koronasmitte vart onsdag innlagt ved Førde sentralsjukehus. Vedkommande var også innlagt på sjukehuset to døgn i førre veke.

Ein pasient med mogeleg koronasmitte vart onsdag innlagt ved Førde sentralsjukehus.   Foto: Erling Wåge

Nyheter

Det kjem fram i ei pressemelding frå Helse Førde.

Helse Førde starta umiddelbart smittesporing då mistanken om smitte vart kjent. Helseføretaket har no fullført sporing tilbake til og med dagen då vedkommande vart innlagt på sjukehuset i førre veke.

Som følgje av dette arbeidet er ein annan inneliggande pasient sett i karantene. Tre andre personar som var innlagt ved same avdeling som den smitta er i mellomtida blitt utskrivne, og vil bli følgd opp av kommunehelsetenesta i sine respektive heimkommunar.

Som følgje av smittesporinga er no 14 tilsette frå fire ulike avdelingar ved Førde sentralsjukehus i karantene.