Laurdag analyserte Helse Førde 97 prøver, og ei av desse var positiv. Prøva var sendt frå Stad kommune.
Helseføretaket understrekar at dei som avlegg koronatest ikkje nødvendigvis bur eller har folkeregistrert adresse i kommunen som har sendt prøva inn til analyse i Helse Førde.
Slik er statistikken for dei siste dagane:
Laurdag 20. februar: 0 nye av 121 analyserte prøver
Søndag 21. februar: 0 nye av 40 analyserte prøver
Måndag 22. februar: 0 nye av 94 analyserte prøver
Tysdag 23. februar: 2 nye av 246 analyserte prøver
Onsdag 24. februar: 0 nye av 155 analyserte prøver
Torsdag 25. februar: 0 nye av 189 analyserte prøver
Fredag 26. februar: 0 nye av 164 analyserte prøver
Laurdag 27. februar: 1 ny av 97 analyserte prøver