Fekk du med deg desse sakene?

Murkollaps, ras, korona og stadionplanar engasjerte fjt.no-lesarane

Saka om at ein mur kollapsa over eit garasjebygg i Måløy har skapt mest merksemd blant lesarane denne veka.

Måndag ettermiddag rasa denne muren over eit garasjeanlegg i Måløy. Politiet har oppretta undersøkingssak for å finne årsaka til murkollapsen.   Foto: Gjert Myrestrand

Nyheter

Det var måndag ettermiddag at ein mur kollapsa over garasjeanlegget til leilegheitsbygget Amonda Vista i gate 4 i Måløy. Muren skal ha rast ut i samband med arbeid på staden, der det skal byggast hus på to bustadtomter i nærleiken.

Politiet har starta undersøkingssak og innsatsleiar Morten Hagen ved Måløy lensmannskontor sa tysdag at politiet allereie var i gang med å finne årsaka bak murkollapsen.

Den siste perioden har det kome fleire meldingar om store steinar som har dundra ned i vegbana fleire stader i Fjordenes Tidende sitt dekningsområde. Desse sakene har engasjert lesarane, og blant dei mest leste sakene på fjt.no denne veka finn vi saka om raset i Færestrand.

Natt til tysdag rasa ei steinblokk på fem tonn ned i vegbana. Det var ein som bur på Færestrand og som skulle på jobb tysdag morgon som oppdaga den enorme steinblokka som dekte heile vegen mellom Færestrand og Torskangerpoll i Kinn kommune.


Tre ras på en uke

Har ikke penger til å rassikre utsatte strekninger

I løpet av en uke har digre steinblokker dundret ned på veier i både Kinn og Stad kommuner. Men for å sikre rasutsatte områder må det penger til.


Koronapandemien engasjerer og opptar framleis lesarane, og mange ville lese saka om at ein person, som no har fått påvist koronasmitte, hadde vore i Vanylven kommune førre helge. Saka kan du lese her.

Nye planar for Skavøypoll stadion er gode nyheiter for både lokalfotballen, publikum og fjt.no sine lesarar. Saka om at det no skal settast opp tak over tribunen og det som blir starten på eit nytt klubblokale er godt lest denne veka.