Nærkontakt er sett i isolasjon etter positiv koronatest

Ein person i Stad kommune er sett i isolasjon etter å ha fått påvist koronasmitte.

Personen som er sett i isolasjon er nærkontakt til tre personar som allereie har fått påvist smitte den siste tida. Heile husstanden har vore i karantene/isolasjon, og det er ingen nye nærkontakter i saka.   Foto: Erling Wåge

Nyheter

Personen er nærkontakt til tre personar i same husstand som allereie har fått påvist smitte den siste tida, opplyser kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld i Stad kommune i ein e-post til Fjordenes Tidende.

Onsdag kom meldinga om at to nærkontaktar av ein person som hadde fått påvist koronasmitte hadde testa positivt. Desse var allereie i karantene.

– Dei to personane er nærkontaktar til ein person i same husstand som fekk påvist smitte i førre veke, og dei har allereie vore i karantene i ei veke, opplyste ordførar i Stad, Alfred Bjørlo, onsdag.


To nærkontaktar som allereie var i karantene testa positivt

To personar er sett i isolasjon i Stad kommune etter påvist smitte med covid-19.


Heile husstanden har altså vore i karantene/isolasjon, og det er difor ingen nye nærkontaktar i saka med det positive tilfellet det vart meldt om søndag morgon.

– Smittesporinga er avslutta, fortel kommuneoverlegen.