Tunnelen var stengd

Fleire store steinar har dundra i vegbanen like sør for tunnelen

I Bremanger vart Bortnetunnelen på fv. 616 stengt etter at det gjekk eit steinras eit stykke sør for tunnelen.

I Bremanger er Bortnetunnelen på fv. 616 stengt etter at det gått eit steinras eit stykke sør for tunnelen.  Foto: Erling Wåge

Nyheter

Vegtrafikksentralen Vest opplyser at det er snakk om fleire store steinar som har kome ned i vegbanen.

Dei har sendt ut mannskap, men dei er ikkje på staden enno.

- Entreprenøren vår er på veg, men er framleis cirka ein time unna, opplyser dei.

Det har vore utrygt for ras den siste tida, og i Bremanger har den same fylkesvegen vore nattestengt mellom Isane og Dombestein på grunn av rasfare frå fjellsida.

Vegen vart opna igjen etter at vegen var rydda.


Nattestenger denne vegen nok ei natt før dei startar fjellreinsk i morgon tidleg

Fylkesveg 616 mellom Isane og Dombestein er nattestengt også natt til torsdag.



Held fram med nattestenging av fylkesvegen

Grunna rasfare blir fylkesveg 616 mellom Dombestein og Iseneset stengt natt til onsdag.