Smitta elev ved vidaregåande skule sende 60–70 andre elevar på heimeskule

Det er ein elev ved Flora vidaregåande skule som er smitta. Vedkommande hadde vore i nærleiken av ein besøkande som kom frå Austlandet til Florø i vinterferien.

Det er ein elev ved Flora vidaregåande skule som er smitta. Vedkommande hadde vore i nærleiken av ein besøkande som kom frå Austlandet til Florø i vinterferien.  Foto: Erling Wåge

Nyheter

Det er Firdaposten som melder saka.

Dei har testa elleve nærkontaktar av personen som kom på besøk til Kinn med smitte, og det var ein av desse som no har testa positivt. Alle dei 11 nærkontaktane er i karantene.

– Vi startar no på nytt med utgangspunkt i den smitta eleven ved Flora vidaregåande skule. At vedkomande er skuleelev, gjer det litt utfordrande, seier smittevernlege i Kinn, Jan Helge Dale, til Firdaposten.

Derfor er det sett i gong eit førebyggande tiltak, og skulen har tilbydd heimeundervising for ein del av klassane som er aktuelle i samråd med smittevernlegen. Desse er heime frå torsdag.

Ein tek også høgde for at dette kan vere eit mutert virus, og det er derfor ein lar så mange vere heime frå skulen no.

Helse Førde melder òg at ein person er smitta i Kinn kommune. Dette er truleg den nemnde eleven.

Dei siste dagane er statistikken som følgjer:

Onsdag 24. februar: 0 nye av 155 analyserte prøver

Torsdag 25. februar: 0 nye av 189 analyserte prøver

Fredag 26. februar: 0 nye av 164 analyserte prøver

Laurdag 27. februar: 1 ny av 97 analyserte prøver

Søndag 28. februar: 0 nye av 112 analyserte prøver

Måndag 01. mars: 0 nye av 152 analyserte prøver

Tysdag 02. mars: 0 nye av 260 analyserte prøver

Onsdag 03. mars: 1 ny av 231 analyserte prøver