Vil ha forklaring på korleis takseringstala kunne bli så ekstreme at ein fakturerer 20 millionar for mykje

Frank Willy Djuvik (Frp) er nøgd med at ordfører Ola Teigen (Ap) no innkallar til møte for å gå gjennom eigedomsskatten og retakseringa som er gjort. Han legg også ved eit par konkrete spørsmål som han gjerne vil ha svar på.

Frank Willy Djuvik (FrP) ber om at ein har ei grundig forklaring på korleis ein har jobba med takseringa for å komme fram til slike ekstreme tal.  Foto: Skjermdump

Nyheter

- Det er bra at ein vel å finne måtar og orientere på, både til innbyggjarane og politisk. Eg vil likevel komme med nokre konkrete spørsmål som eg vil be om svar på i møtet, slik at kommunedirektøren kan førebu det, skriv han i ein e-post til ordføraren.