Aldri før har det vore fleire kvinnelege listetoppar

– For å få lister med like mange kvinner og menn må vi spørje tre gonger så mange kvinner som menn

Ei kartlegging av nominasjonane i dei ni partia som er på Stortinget i dag viser at 76 av 170 førstekandidatar er kvinner. Det er rundt 44 prosent og rekordhøge tal, men ordførar i Vanylven og toppkandidat for Venstre i Møre og Romsdal, Lena Landsverk Sande, seier det framleis er vanskeleg å få med seg kvinnene.

Ordførar i Vanylven og toppkandidat for Venstre i Møre og Romsdal, Lena Landsverk Sande, meiner utviklinga kan halde fram mot ei 50/50-fordeling på listetoppar om ein held fram med å jobbe hardt for å nå målet. – Om vi ikkje fortset å «pushe på», så kjem det ikkje til å bli likt. Eg hadde aldri vore ordførar om ikkje andre hadde «pusha» meg.   Foto: Erling Wåge

Nyheter

– Eg har nok ikkje vore den som har gått fremst i toget, men eg tenker at eg har gjort mitt ved å stå på sjølv om eg er dame. Eg har ikkje gått ut og ropt kvinnesak, men eg har turt å seie mi meining, seier Landsverk Sande.