Tre milliardar til fylkesvegar i Vestland

– No står Nordfjord for tur

– Regjeringa si varsla storsatsing på opprusting av fylkesvegnettet gjer det mogleg å få opp farten i å ruste opp dei mest trafikkerte fylkesvegane i Nordfjord. Det seier leiar i Nordfjordrådet og 1. kandidat for Venstre til Stortingsvalet, Alfred Bjørlo.

Alfred Bjørlo tar det som ei sjølvfølge at dei ekstra midlane som no kjem til fylkesvegar blir brukt til å styrke distriktsregionar i Vestland. Biletet er frå eit møte i formannskapet i Stad kommune.  Foto: Marianne S. Rotihaug

Nyheter

Regjeringa med Høgre, KrF og Venstre vil setje av 18 milliardar kroner ekstra til opprusting av fylkesvegnettet dei neste 12 åra. Pengane skal hovudsakleg gå til å ruste opp og oppgradere dei delane av fylkesvegnettet som ser særskilt viktig for næringstransport og for å knyte saman bu- og arbeidsmarknadsregionar i distrikta.