Har kasta seg inn i sjøareal-debatten

Biskopen uroar seg for at det kan bli oppdrettsanlegg i nærleiken av klosteret

Kommunedelplanen for sjøareala i Stad kommune har skapt stort engasjement blant innbyggjarane. No har også biskopen kasta seg på i debatten.

Biskop Halvor Nordhaug (t.v.) har kasta seg inn i debatten om kommunedelplanen for sjøareala i Stad kommune. Her saman med prost Stian Heggedal etter innsettingsgudstenesta i Eid kyrkje.   Foto: Siri Kolseth

Nyheter

– Biskopen i Bjørgvin er uroa over at det kan bli opna for oppdrettsanlegg på Dragsfalla i Sildegapet utanfor Selja. Selja og klosteret, Sunnivahola med meir er ein av Norges viktigaste heilagstader og eit pilegrimsmål for mange. Her vert det opna for å la tankane gå meir enn tusen år attende i historia, skriv biskop Halvor Nordhaug og seniorrådgjevar Jens Zeuthen Meyer i eit innspel til Stad kommune.


Ønsker seg fremdeles flere tilbakemeldinger

Innspill i høringsperioden kan vippe områder ut eller inn av sjøarealplanen

Stad kommune er tydelige på at de behøver innspill i høringsperioden til sjøarealplanen for å tilegne seg ny kunnskap om de avsatte områdene.


Etter kyrkja sitt syn bør ein vere særs varsam med å tillate oppdrettsanlegg og det som følgjer med av verksemd rundt drift av slike anlegg, nær Selja.

– Dette vil utvilsamt forstyrre den visuelle horisonten rundt øya, og dermed også kunne øydeleggje noko av den unike opplevinga som ein kan få del i her.