Hjartet til Øystein stoppa og i tre minutt var han død. No har han funne eit nytt liv i Stad

Hotellsjef Øystein Wiig Rambøl på Stad hotell har levd eit svært aktivt liv, men i 2012 sa det brått stopp. Dagen etter ei storstilt feiring av 60-årsdagen hans kollapsa han på motorvegen ved Marbella i Spania.

Nytt liv på ny stad: Etter at Øystein Wiig Rambøl opplevde at hjartet hans stopp i tre minutt, har han fått eit nytt syn på livet. – Eg føler at eg er fødd på nytt. Eg set meir pris på livet mitt, seier Rambøl, som i dag er hotellsjef på Stad hotell og driv sitt eige konsulentfirma, Stad Management AS.  Foto: Bjørn Erik Drabløs

Nyheter

– Eg opna døra og fall ut av bilen. Sjukepleiaren som kom køyrande bak meg, kom springane og starta med hjartekompresjonar. Det gjorde ho i 27 minutt. Då ho stoppa, døydde eg, fortel Rambøl.