Ingen testing laurdag, derfor ingen prøvesvar søndag

Det blei ikkje tatt covid-prøver i Stad kommune laurdag, så derfor har vi ingen prøvesvar i dag, seier varaordfører Siri Sandvik til Fjordenes Tidende søndag kveld.

Foto frå koronateststasjonen på Nordfjordeid.  Foto: Erling Wåge

Nyheter

Fordi det ikkje blei gjennomført testing i kommunen laurdag, påskeaftan, kom det ingen prøvesvar sundag.

Laurdag kveld blei det meld om ei ny positiv prøve frå Nordfjordeid. Den positive prøva kom frå ei nærkontakt innanfor husstanden til ein tidlegare smitta, og personen var allereie i karantene:


Ein ny smitta laurdag etter testing av 37 personar fredag

Stad kommune opplyser at det er ein ny positiv prøve påvist etter testinga som blei gjort fredag.


Gjennom påska vil det komme nye statusmeldingar dersom det vert påvist nye smittetilfelle i kommunen.

– Vi oppmodar alle innbyggjarar til å ha svært lav terskel for å teste seg ved symptom på sjukdom, seier Sandvik.

Symptom på koronavirus kan vere:

Sår hals

Hoste

Tett eller rennande nase

Hovudverk

Feber

Influensafølelse eller sjukdomsfølelse

Kroppsverk

Tungpust

Tap av smak- eller luktesans

Stad kommune anbefaler at også barn med nyoppståtte symptom det siste døgnet bør testast.