No skal det arrangerast kompetansekurs om sitkagran

Samvirket Kystskogbruket har teke initiativet til å utvikle ei kurs- og kompetansepakke for sitkagran og lutzgran. Målgruppa er skogeigarar som vil satse på produksjon eller avvikling av desse to treslaga.

Kurset skal gi kunnskap til dei som vil satse på produksjon av sitkagran i eigna skogområder. Biletet er frå forsøksskogen med sitkagran til NIBIO på Stend i Bergen kommune. F.v. Kristine Jacobsen frå Nortømmer og Hans Nyeggen frå NIBIO.   Foto: Helge Kårstad

Nyheter

Prosjektleiar Helge Kårstad i Kystskogbruket seier at bakgrunnen for initiativet er at det i lengre tid har vore etterpurt meir kompetanse kring sitkagran (Picea sitchensis), både frå dei som produserar treslaget i skogen sin og dei som vil avvikle tidlegare plantingar for godt. Det gjeld også nokre andre utanlandske treslag, særleg kryssingstreslaget lutzgran (Picea glauca x Picea sitchensis).


Det fins etter kvart ein god del dokumentert kunnskap kring treslaga, både i Noreg og internasjonalt, informerer Kårstad. Han fortel og at treslaga har ein del spesielle eigenskapar det er viktig å kjenne til, både i samband med produksjon og avvikling av tidlegare plantingar.

Miljødirektoratet og Landbruksdirektoratet støttar initiativet


Denne våren har Skognæringa Kyst, saman med Skogkurs, invitert Miljødirektoratet og Landbruksdirektoratet for å diskutere ei eventuell kurs- og kompetansepakke for sitka- og lutzgran. Begge direktorata er svært positive til at Kystskogbruket tar initiativ til eit kunnskapsløft for utanlandske treslag, og særleg desse to.

Skogkurs skal utarbeide prosjektplan


Skognæringa Kyst har i samråd med begge direktorata bede Skogkurs utarbeide ein prosjektplan innan sommaren 2021. Arbeidet med denne prosjektplanen vil bli finansiert av Skognæringna Kyst og Skogkurs. Miljødirektoratet og Landbruksdirektoratet vil bidra i arbeidet med planen.

Kva har skjedd her? Tidlegare skogbrukssjef i Lindås kommune i Vestland, Nils Kaalaas, registrerar både planta gran og oppslag av mykje naturleg sitkagran i eit nyleg hogstfelt av sitkagran. Kunnskap om tema kunne løyst dette på ein betre måte, også i dette eksempelet. Det gjeld enten ein vil satse vidare på produksjon av gran eller sitkagran, - eller ein vil fjerne sitkagrana for godt.   Foto: Helge Kårstad

Kurset skal gi kunnskap til dei som vil fjerne sitkagran eller lutzgran, i hovudsak i samband med leplantingar og ein del feilplasserte plantingar, ofte i nærleiknen av bu-, hytte, fritids- og turområder langs kysten. Biletet er frå Holsenøy, Alver kommune ved Bergen, og viser oppslag av sitkagran i samband med eit skogholt/leplanting ved eit no nedlagt gardsbruk.   Foto: Helge Kårstad