Rår ifrå å gje dispensasjon til torskeoppdrett i fjorden

Statsforvaltaren i Vestland meiner Bremanger kommune heller bør arbeide ferdig kommunedelplan og legge til rette for eit eventuelt oppdrettsanlegg i den sammenheng.

Statsforvaltaren rår ifrå å gje dispensasjon til torskeoppdrett ved Fåkleiva vest i Fåfjorden. 

Nyheter

Nordfjord Torsk AS søkjer om å etablere oppdrettsanlegg for matfisk av torsk ved Fåkleiva vest i Fåfjorden. Anlegget er planlagt med 12 merdar, kvar på 84 x 85 meter. I tillegg kjem forflåte og fortøyingar som strekkjer seg mot kommunegrensa i nord.