Måndag kveld melder Stad kommune at ein har fått svar på alle prøver som vart tekne i kommunen søndag.
Det er ikkje meldt om andre positive prøver etter testinga søndag.
Det vil bli gjort ei ny vurdering av dei lokale tiltaka, som er datert 23. mars, tysdag 6. april.
Stad kommune oppfordrar alle innbyggjarar til å ha svært lav terskel for å teste seg ved symptom på sjukdom.
Symptom på koronavirus kan vere:
- Sår hals
- Hoste
- Tett eller rennande nase
- Hovudverk
- Feber
- Influensafølelse eller sjukdomsfølelse
- Kroppsverk
- Tungpust
- Tap av smak- eller luktesans
Vi anbefaler at også barn med nyoppståtte symptom det siste døgnet bør testast.