- Er uroa over at folketalet i 35 vestlandskommunar vil gå ned dei komande 20 åra

– Vi har behov for å tenke nytt, seier fylkesordførar Jon Askeland, som er uroa over at folketalet i 35 vestlandskommunar vil gå ned dei komande 20 åra.

– Vi har behov for å tenke nytt, seier fylkesordførar Jon Askeland, som er uroa over at folketalet i 35 vestlandskommunar vil gå ned dei komande 20 åra. 

Nyheter

Ei offentleg utgreiing viser at folketalet i 35 av dei 43 kommunane i Vestland fylke kjem til å gå ned frå 214.000 i dag til mellom 207.000 og 211.000 innbyggarar i 2040. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har sett ned eit utval som skal sjå på tiltak for å motverke dette. Utvalet har lagt fram NOU 2020:15 som er sendt på høyring. Den har tittel: «Det handler om Norge – Bærekraft i hele landet – Utredning om konsekvenser av demografiutfordringer i distriktene».