Uhellet skjedde på rv. 5 ved Fjordbase i Florø, opplyser Vest politidistrikt.
Ingen av dei fire såg ut til å vere alvorleg skadde, men alle vart køyrde til sjukehus i Førde for sjekk.
Vegen ved Fjordbase var stengd ei tid etter ulukka.
Politiet har ikkje opplyst om årsaka til uhellet.
Andre påskedag om morgonen oppløyser Vest politidistrikt at det har vore og er glatte vegar mange stadar i fylket på grunn av snøen som er kome siste døgnet.
Politiet oppmodar alle som køyrer på vegane om å vere forsiktige.