Løyver nær to millionar til utvikling av lokalsamfunn i fylket

Hovudutval for næring i Vestland løyver 1,8 millionar til lokalsamfunnsutvikling gjennom LivOGLyst-programmet. Dette kjem fram i ei pressemelding frå fylkeskommunen.

Gode lokalsamfunn: Formålet er å stimulere til lokalsamfunnsutvikling slik at vi får gode lokalsamfunn som grunnlag for bulyst, god folkehelse og næringsutvikling. På biletet ser du LivOGLyst-arbeidsgruppa på eit prosjektbesøk i Bergsdalen  Foto: Vestland fylkeskommune

Nyheter

LivOGLyst-programmet er ei langsiktig satsing som handlar om utvikling av lokalsamfunn. Programmet vart etablert i Hordaland i 2007 og utvida til Vestland fylke i 2020. LivOGLyst-satsinga er unik for Vestland og tilbyr eit nettverk for dei som ønskjer å starte nye prosjekt.