Lasteskipet nordvest av Stad har fått slagside - 8 av 12 om bord er evakuerte

Eit nederlandsk lastefartøy med 12 personar om bord har sendt ut naudmelding etter at lasta har flytta på seg og skipet har fått slagside.

  Foto: Redningshelikopteret frå Florø.

Nyheter

Det skjedde måndag klokka 10.19, opplyser Hovudredningssentralen Sør-Norge.

Her kan då sjå Fjordenes Tidende sine Web-Kamera.

Tre helikopter og to fartøy er på veg for å hjelpe det nederlandske lasteskipet "Eemslift Hendrika" som har fått slagside. Eit av fartøya er kystvaktskipet Njord.

Her låg lasteskipet med slagside klokka 13.30.  Foto: Marine Traffic

Føl med på skipstrafikken her.

Båten ligg nordvest for Stadlandet, 60 nautiske mil vest for Ålesund, opplyser Torgeir Espedal i Hovudredningssentralen til NRK.

Det er dårleg vêr i området. Det er bølgjer på opp til 15 meter. Første redningshelikopteret har kome til fartøyet og starta evakuering av personell. Dei har evakuert åtte personar. Desse blir frakta til Ålesund. Fire av mannskapet blir igjen om bord for å prøve å stabilisere skipet.

Klokka 13.00 opplyste hovudredningssentralen at skipet hadde rundt 15 grader slagside, og det var då ikkje noko fare for at skipet skulle kantre og havarere.

Det er ikkje meldt om skadde personar.

Lokale folk på Stadlandet som Fjordenes Tidende har snakka med seier det er veldig dårleg vêr på havet. Dei har sett helikopter som har vore i sving med å berge folk om bord i lasteskipet som har problem.

Fjordenes Tidende føl med på situasjonen og oppdaterer saka.