Tre og eit halvt år etter flukta vende Johan heim og fann glede i familielivet. Men mottakinga krigsseglaren fekk av staten sette bitre spor

Våren kom med fred i 1945. Foreldre og slekt venta med spenning på unge menn og søner som i krigsåra var reist vestover for å slutte seg til dei allierte sin krig mot naziregimet i Tyskland. På Husevågøy venta Iver og Albertine Husevåg på to søner, Johan og Harry.

Johan og Gunhild Husevåg på slutten av 40-talet. Truleg ein stad i nærleiken av Krøderen.  Foto: privat

Nyheter

Straks dei britiske marinefartya vart observerte i Vågsfjorden 3. juledag i 1941 la fire unge menn i Husevåg raske planer. Dei ville flykte ut av landet og kjempe for eit fritt Norge. Ein av dei var Johan Husevåg på 19 år. Det gjekk tre og eit halvt år før han såg heimbygda og foreldre att, sommaren 1945.