Vegen over Strynefjellet er stengd på grunn av dårleg vêr

Det er veldig vanskelege køyreforhold i fjellet, og sikkert mange som skal heim frå påskefjellet som får problem.

Bommen ved Billingen på austsida av Strynefjellet er stengd. Høgre opp i fjellet er det uvêr og rasfare.  Foto: Statens vegvesen

Nyheter

Det kan vere lurt å sjekke status før du set deg i bilen for å køyre over eit fjell i dag.

Klokka 10.00 andre påskedag melde Vegtrafikksentralen til Statens vegvesen at Rv. 15 over Strynefjellet er stengd på grunn av uvêr og rasfare. Vêrutsiktene er ikkje gode, noko som betyr at vegen vil bli stengd inntil vidare.

Dette var status frå Statens vegvesen på fjellovergangar i Sør-Norge klokka: 069:30 andre påskedag:

E 16 Filefjell: Åpen

E 134 Haukeli: Stengt

Rv 7 Hardangervidda: Stengt

Rv 13 Vikafjell: Stengt

Rv 15 Strynefjell: Stengt

Rv 52 Hemsedal: kolonne

Fv 50 Aurland-Hol: Kolonne fra kl 09.

Fv 53 Årdal-Tyin Stengt


Her kan du sjekke Fjordenes Tidende sine Web-kamera.