Alle er evakuert – skipet med slagside driv rundt i stormen utan motorkraft og utan folk om bord

Seint måndag kveld vart dei fire siste av mannskapet evakuert frå lasteskipet som har slagsida og som har mista motorkrafta. Ein skal vere skadd.

Her driv lasteskipet rundt med slagside.  Foto: HRS/Redningshelikopteret fra Florø

Nyheter

Det var måndag føremiddag at den nederlandske lasteskipet «Eemslift Hendrika» sende ut naudmelding frå Norskehavet rundt 60 nautiske mil nordvest av Stad.