Har to pasientar innlagt med covid-19. Ein er framleis på intensivavdeling

Siste døgnet har laben ved Helse Førde analysert 129 prøver. Ein var positiv, frå Stad kommune. Sjukehuset har også to pasientar innlagt, ein på intensivavdeling.

Siste døgnet har laben ved Helse Førde analysert 129 prøver. Ein var positiv, frå Stad kommune  Foto: Erling Wåge

Nyheter

Den positive prøven frå Stad kommune er allereie informert om, i går kveld då kommunen fekk beskjed.


Ein ny person har fått påvist smitte

Prøvesvar viser at éin ny person har fått påvist covid-19 etter testing på Nordfjordeid fredag. Smittevegen er kjent og kopla til utbrotet. Nærkontaktar er sett i karantene og vert testa.


Søndag 28. mars: 2 nye av 71 analyserte prøver

Måndag 29. mars: 1 ny av 181 analyserte prøver

Tysdag 30. mars: 0 nye av 224 analyserte prøver

Onsdag 31. mars: 1 ny av 263 analyserte prøver

Torsdag 01. april: 2 nye av 137 analyserte prøver

Fredag 02. april: 0 nye av 69 analyserte prøver

Laurdag 03. april: 2 nye av 158 analyserte prøver

Søndag 04. april: 6 nye av 151 analyserte prøver

Måndag 05. april: 1 ny av 129 analyserte prøver

Innlagde pasientar per dato med stadfesta covid-19-smitte: 2

Av desse på intensiv: 1