Havaristen driv framleis rundt på havet – delar av lasta har falle av

Det nederlandske lasteskipet «Eemslift Hendrika» driv framleis rundt utan motorkraft og utan mannskap. Vëret i området er framleis dårleg

«Eemslift Hendrika» driv framleis rundt nordvest av Stad utan mannskap om bord og utan motorkraft. Tysdag har den grøne arbeidsbåten på dekk ramla av og driv rundt flytane i det dårlege vêret..  Foto: REDNINGSHELIKOPTERET FRÅ FLORØ

Nyheter

Tysdag kveld dreiv det 111 meter lange lasteskipet som fekk kraftig slagside 2. påskedag framleis rundt nordvest av Stad.