Vurderer smittesituasjonen som under kontroll. Ser ikke behov for egne lokale tiltak

Stad kommune innfører ikke egne lokale tiltak. Fra og med onsdag 7. april er det nasjonale smitteverntiltak som gjelder.

Kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld meiner ein no har god kontroll.  Foto: Siri Kolseth

Nyheter

– Gjennom påska har testing og smittesporing vist at ein no kan vurdere smittesituasjonen i kommunen som godt kontrollert. Den siste tida har ein fått nokre nye smittetilfelle, men desse har vore kopla til tidlegare smitta i utbrotet og utviklinga har vore som forventa, seier kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld.

Men sidan oppfølginga av utbrotet ikkje er heilt avslutta, held ein oppe risikonivå 2, kontroll med klynger, i Stad kommune ut denne veka.

Situasjonen er likevel slik at ein ikkje lenger ser behov for eigne lokale smitteverntiltak i Stad kommune. Frå onsdag 7. april er det nasjonale anbefalingar og reglar kring smittevern som gjeld i kommunen.

Desse samsvarer i stor grad med dei råda som har vore lokalt, men etter dei nasjonale anbefalingane kan barn og unge under 20 år delta på fritidsaktivitetar.

– Tida etter påske er ei sårbar tid med tanke på spreiing av smitte, og det er viktig at alle held fram med å følgje dei gjeldande smitteverntiltaka, minner kommuneoverlegen om.

Stad kommune oppfordrar framleis alle innbyggjarar til å ha svært lav terskel for å teste seg ved symptom på sjukdom.

Symptom på koronavirus kan vere:

  • Sår hals
  • Hoste
  • Tett eller rennande nase
  • Hovudverk
  • Feber
  • Influensafølelse eller sjukdomsfølelse
  • Kroppsverk
  • Tungpust
  • Tap av smak- eller luktesans