Er under slep til Florø

Arbeidsbåten til 66 millionar kroner som havarerte er berga

Den splitter nye arbeidsbåten som skulle til Norge frå Kroatia fekk ein dramatisk transport. I kveld er den nye superbåten berga og under slep mot Florø.

Her er arbeidsbåten under slep mot Florø.  Foto: FOTO: STADT SLØVÅG

Nyheter

Den grøne arbeidsbåten som stod på dekket til det nederlandske laste skipet «Eemslift Hendrika» fekk ein svært så dramatisk transport. Norvest av Stad så fekk lasteskipet slagside etter at lasta under dekk hadde flytta på seg.

  Foto: FOTO: STADT SLØVÅG

Det var lenge fare for at lasteskipet skulle kantre. Dei tolv om bord blei måndag evakuerte under ein dramatisk redningsaksjon.

Tysdag så sleit arbeidsbåten «AQS Tor» som stod på dekk, og ramla i sjøen. Båten flaut fint i dei store bølgjene.

Onsdag ettermiddag har Stadt Sjøtransport sin slepebåt «Stadt Sløvåg» klart å få slepar om bord i den drivande arbeidsbåten. Dei har kontroll på havaristen, ifølgje smp.no.

Selskapet AQS har kjøpt båten av Moen Marin. Den var under transport til verftet frå Kroatia. I kveld blir den slept til Florø der den skal inspiserast for eventuelle skadar.

Etter å ha blitt inspisert i Florø skal AQS slepe båten opp til Moen Marin sitt verft i Kolvereid.