Bergingsaksjonen av det havarerte lasteskipet «Eemslift Hendrika», som starta rundt klokka 20.00 onsdag kveld, gjekk etter planen. Det lukkast å få fire redningsfolk om bord på havaristen frå helikopter. Desse klarte å feste sleparar både bak og framme på havaristen.
Fjordenes Tidende følgjer berginga av havaristen:
Bergingsmannskapa har kontroll og slepet går som planlagt
Det var onsdag kveld fare for at lasteskipet «Eemslift Hendrika» ville drive på land i løpet av natta. Kystverket erklærte difor statleg aksjon. Det vart sett i gang nytt forsøk på å få kontroll på lasteskipet og få slept det vekk frå land onsdag kveld.
Det har vore ein dramatisk redningsaksjon like ut for Stad. Foto: KV Bergen
Nyheter