Ein ny person har testa positivt etter at 60 prøver er analysert

Onsdag kveld har ein fått svar på 46 av 48 prøver tekne på Nordfjordeid tysdag og 14 av 14 prøver tekne i Selje tysdag.

Onsdag kveld har ein fått svar på 46 av 48 prøver tekne på Nordfjordeid tysdag og 14 av 14 prøver tekne i Selje tysdag.   Foto: Siri Kolseth

Nyheter

Prøvesvar viser at éin ny person har fått påvist covid-19 etter testing i Selje tysdag. Personen har vore i karantene som nærkontakt til ein tidlegare smitta person i same husstand. Det er ingen nye nærkontaktar.

Det er ingen andre positive prøver etter testing tysdag.

Stad kommune oppfordrar alle innbyggjarar til å ha svært lav terskel for å teste seg ved symptom på sjukdom.

Symptom på koronavirus kan vere:

  • Sår hals
  • Hoste
  • Tett eller rennande nase
  • Hovudverk
  • Feber
  • Influensafølelse eller sjukdomsfølelse
  • Kroppsverk
  • Tungpust
  • Tap av smak- eller luktesans