Nye filmar av dramaet som no berre er 12 nautiske mil vest av Stad

Nye filmar tatt klokka 16.00 frå Kystverkets fly LN-KYV syner at det framleis er stor sjø der havaristen Eemslift Hendrika oppheld seg. Klokka 18.00 er båten berre 12 nautiske mil frå land.

  Foto: Kystverkets fly LN-KYV

Nyheter

På kartet under kan ein sjå at båten akkurat har kome inn forbi Norges territorialgrense. Ein kan også sjå tre distansesirklar som syner kor båten vil ende opp gitt at farta held seg som den gjer når skjermdumpen vart tatt. Med ei fart på i overkant av 2 knop vil den kome faretruande nær land om litt over seks timar.