Har stor forståing for at det er kjensler knytt til det 100 år gamle skulebygget: – Det må vi ta på alvor når vi jobbar fram vårt forslag

Det seier prosjektleiar for byggeprosjektet Skram skole, Vidar Andersen, til Fjordenes Tidende etter at han tysdag orienterte Oppvekst- og kulturutvalet om status i prosjektet.

Prosjektplan for skulen er nyleg vedteken av kommunestyret. No jobbar gruppa med å innhente så mange opplysningar som mogleg for å kunne ta ei god avgjerd for korleis skulen skal bli, kor stor den skal bli, kva uteområde ein har tilgjengeleg og kva som eventuelt skal rivast eller ikkje av dei bygga som står der i dag.   Foto: Frithjof Silden

Nyheter

Sjølv er han relativt ny som prosjektleiar for byggeprosjektet ved skulen. Han begynte i stillinga 1. mars i år.