Det kommunale kjøkkenet

Måløy lagar middagen 34 kroner billigare enn Florø, men skal likevel leggast ned. Kvifor?

Kvifor er prisforskjellen per måltid så stor mellom dei kommunale kjøkkena i Florø og Måløy? Og kvifor då ikkje legge det ned dyraste alternativet eller bruke det billigaste kjøkkenet som beste praksis for det andre? Det handlar om produksjonsmetoden, ifølgje kommunedirektør Terje Heggheim.

Eit av innsparingstiltaka som vart vedtatt etter samarbeidsprosjektet med Agenda Kaupang, var å redusere frå to til eitt sentralkjøkken. Kjøkkenet i Måløy vil då bli eit mottakskjøkken, med ansvar for mottak og utlevering av tørrmat og middagar til institusjon og heildøgnsomsorgsbustader.  Foto: Fjordenes Tidende

Nyheter

Debatten har oppstått etter at Kinn kommune ville sjå på dei økonomiske konsekvensane av å samordne til eitt kjøkken ved å flytte matproduksjonen til Florø. Per i dag blir all mat til bu- og omsorgsbustadane, samt heimebuande, i Måløy produsert og levert lokalt. Maten i Florø-delen blir produsert av Bordgleder KF.