Massevaksinasjonen kan bli åtte til tolv veker forseinka

Dersom verken AstraZeneca- eller Johnson & Johnson-vaksinen blir teken i bruk, kan vaksinasjonen av alle over 18 år bli forseinka i inntil tolv veker.

Dersom verken AstraZeneca- eller Johnson & Johnson-vaksinen blir teken i bruk, kan vaksinasjonen av alle over 18 år bli forseinka i inntil tolv veker. Illustrasjonsfoto.  Foto: Folkehelseinstituttet

Nyheter

– Forseinkinga blir betydeleg om AstraZeneca- og Johnson & Johnson-vaksinane ikkje blir tekne i bruk, ein stad mellom åtte og tolv veker har vi estimert. Men det vil først og fremst ha noko å seie for dei yngre, sa avdelingsdirektør Line Vold i FHI på pressekonferansen på tysdag.