Meiner det er viktig å skape matglede og gode opplevingar rundt måltidet

For nokre år sidan endra det kommunale kjøkkenet i tidlegare Selje kommune produksjonsmåte, og gjekk over til drift på dagtid måndag til fredag med sous vide til delar av dei som fekk mat frå kjøkkenet på Seljetunet i helgene.

Kokkane i Stad kommune får ros frå både leiing og brukarar.  Foto: Privat

Nyheter

Kommunalsjef for helse og omsorg i Stad kommune, Barbro Longva, forklarar at ein no ser resultatet av arbeidet dei har lagt ned sidan dei blei del av Leve heile livet-reforma.