Kommunalsjefen i nabokommunen

Prioriterer annleis: – Å sentralisere det kommunale kjøkkenet er ikkje noko vi ønsker

Kinn kommune ser på moglegheita for å spare 1,8 millionar ved å slå saman dei kommunale kjøkkena til eit sentralkjøkken. I Stad, der ein også har to kjøkken og behov for å kutte kostnadar, sit samording imidlertid langt inne.

– Stad kommune har to institusjonskjøken der det ein har drift måndag til søndag, og det andre har måndag til torsdag. Og begge fungerer godt, seier kommunalsjef for helse og omsorg i Stad kommune, Barbro Longva.  Foto: Erling Wåge

Nyheter

Tilrådinga om å kutte 30 årsverk innan 2023 for å få eit Stad-budsjett i balanse kom i budsjettdebatten i haust. Men sjølv om også Stad kommune har behov for å spare pengar understrekar kommunalsjef helse og omsorg, Barbro Longva, at kutt ved dei kommunale kjøkkena ikkje er noko dei vurderer.