Tre av dei smitta er frå Måløy – 25 personar er sett i ventekarantene

Helse Førde opplyste fredag at det er fem nye registrerte smittetilfelle frå Helse Førde sitt laboratorium. Kommuneoverlege Jan Helge Dale stadfestar at tre av desse er frå Måløy.

  Foto: Erling Wåge

Nyheter

– Smitta er tilknytt dei to som fekk påvist smitte for nokre dagar sidan, så det er altså nærkontaktar av dei igjen som no er smitta. Dei har vore i karantene og i isolasjon, noko som gjer at det har oppstått seks-sju nye nærkontaktar til desse igjen. Og sidan vi går ut ifrå at det er den muterte varianten det er snakk om her, så blir også ein go del sett i ventekarantene, seier Dale.


Fem nye smittetilfeller

Helse Førde opplyser fredag at det er fem nye smittetilfeller fra deres lab. Prøvetakingskommuner er Kinn og Høyanger.


Han seier at det så langt er rundt 25 personar som må halde seg i ro inn til vidare.

– Det dreier seg om familiemedlemmar som må sitte i karantene til vi får svar på prøvene til dei seks-sju nærkontaktane. Dette får vi truleg svar på i morgon. Så smittesporinga er ferdig og vi har oversikt over utbrotet så langt, seier Dale.