Tre av fire trur pandemien varer minst eit halvt år til

I ei måling blant over 30.000 nordmenn svarer berre ein av fire at dei trur koronapandemien er over innan eit halvt år.

Sjølv om stadig fleire blir vaksinerte, trur framleis eit solid fleirtal av dei spurde at dei trur pandemien framleis vil vare lenge.   Foto: Marit Hommedal / NTB / NPK

Nyheter

Nesten halvparten av spurde, 47 prosent, svarer at pandemien vil vare inntil eitt år til. 17 prosent svarer dei trur pandemien vil vare i opptil to år til, medan 10 prosent av dei spurde trur det vil ta endå lenger tid, viser svara Norsk koronamonitor har fått i undersøkinga for april.