Glad for å sjå at det framleis er liv laga for Nordfjordlaget i vestlandsbyen

Nordfjordlaget i Bergen er det eldste frittståande bygdelaget i Norge. Laget hadde årsmøte 16. mars. – Med eit svært bra engasjement og med attval av styre, seier Bjørn Aage Eide.

Nordfjordlaget i Bergen er det eldste frittståande bygdelag i Norge. Laget hadde årsmøte no den 16. mars. – Med eit svært bra engasjement og med attval av styre, seier Bjørn Aage Eide.  Foto: Privat

Nyheter

– Det er spesielt kjekt at det sittande styret tok gjenval for å føre laget vidare og dermed nordfjordingane sine gode tankar om eit positivt samhald i eit bygdelag i Bergen, seier leiar Bjørn Aage Eide.

– Mange eldre medlem har dei siste åra naturleg nok trekt seg tilbake. Årsmøtet merka seg spesielt der for den positive framgang laget no har med fleire unge nye medlem. Det er også verdt å merke seg at det ikkje berre er reindyrka nordfjordingar i Bergen som ønskjer å støtte laget, men også andre som føler for landsdelen, seier leiaren, og legg til:

– Det er også fleire nordfjordingar, som ikkje bur i Bergen, som ønskjer å støtte laget ved å betale for medlemskontingent.

Nordfjordlaget har ein unik eigedom i Hummelsund i Øygarden med båtar og tilgang til strandsone. Ein ypparleg plass for ungar, meiner Eide.

– Årsmøtet håpar fleire nordfjordingar kan sjå glede i det Nordfjordlaget har. Det er plass til mange fleire brukarar. Når ein veit mengda av nordfjordingar med etterkomarar i Bergen, så skulle det framleis kunne vere liv laga for Nordfjordlaget. Om berre ein liten del kan vere med, så kjem ein langt, seier Eide.

Slik er det nye styret sett saman:

Formann er Bjørn Aage Eide og med seg i styret har han Kjetil Almenning, Øystein Eide, Torgeir Evjen og Alf Kråkenes.