Mange møtte opp for å støtte småprodusentar og handle lokalmat

Silje Kvalvik har sakna REKO-Ringen på Nordfjordeid, og vart veldig glad då den kom.

Tone Rekdal (t.v.) ved Kim Rudis Røykeri AS i Florø hadde med varer til Silje Kvalvik.   Foto: Siri Kolseth

Nyheter

– Eg synest dette er heilt topp. Det er ein fin måte å møte nye produsentar og prøve nye produkt, seier Silje Kvalvik, når ho kjem for å hente matvarer som ho har kjøpt på nett.